Kårbø klar for VM
Tom Erling Kårbø sette personleg rekord og sikra seg VM-billett, då han sprang inn til 8.27,67 på 3000 meter hinder fredag. Kravet er på 8.29, og 30-åringen kan difor pakke kofferten for VM i Doha. Kårbø hadde før fredag ei bestenotering på 8.29,41.