Lynnedslag drepte 107 i India
107 menneske omkom då dei vart trefte av lyn i India torsdag, opplyser lokale styresmakter. 83 døydde i delstaten Bihar og 24 i delstaten Uttar Pradesh. I monsuntida er det vanleg med mykje lyn. I 2018 døydde 2800 menneske av lynnedslag i India.