City overlegne – vart historiske
Manchester City vart som venta eit nummer for store og utklassa Watford 6–0 i finalen i FA-cupen. Laget tok dermed sin tredje tittel denne sesongen, og er det første laget i England som har klart dette på ein sesong. Raheem Sterling stod for tre av måla. Braksigeren er tangering av finalerekorden frå 1903, då Bury slo Derby.